Hopp til innholdet

PÅMELDING

Tusen takk til alle som deltok på fyrste iHOP arrangement.
Følg med videre, nytt iHOP arrangement under planlegging.

Velkomen til fyrste iHOP arrangement.
Onsdag 3. mai. Klokka 18.00 – 20.00
Stad: Brøløsvegen 51 i Seljord. Inngang på baksida hos Sparebanken DIN

GRATIS inngang – enkel servering.
Pssst. Begrensa antall plassar.

Program:

Oppmøte klokken 18.00 med enkel servering. Programmet blir avslutta klokka 20.00


Rask psykisk helsehjelp – eit tilbod for alle?

Ein kort presentasjon av Rask psykisk helsehjelp og korleis dette helsetilbodet vil sjå ut her i Vest-Telemark.

Anne Lise Storkaas Forberg (terapeut) og Eva Margrethe Ellingsen (terapeut) frå Rask psykisk helsehjelp.


Sambuarkontrakt og framtidsfullmakt, kvifor det?

DIN kompanjong hjelper deg å setje opp skreddarsydde juridiske dokument på ein enkel måte, slik at du har alt på stell når livet skjer.

Jan Thomas Moen – Dagleg leiar frå DIN kompanjong.


Økonomiske bekymringar og moglegheiter

Fleire av oss kjenner på strammare økonomi med høge strømprisar, auka renter og prisar generelt.

Sveinung Soterud – Salgsleiar i Sparebanken DIN. Mange års erfaring fra bank.


Endringar i personskatt og forslag til nye skattereglar

Ein liten gjennomgang av forslag frå skatteutvalget. Er det noko ein bør tenke på allereie nå?
Skattemeldinga for 2022 – er det for seint å endre?

Siv Aarmodt og Inger Noraberg – Statsautoriserte revisorar frå Revisorteam AS.


For vanlege folk med vanlege problem

Familievernkontoret Øvre Telemark er eit av kontora til Stiftelsen kirkens  familievern.  Vi har driftsavtale med  Bufetat og tilbyr familieverntenester til innbyggjerane i kommunane i Øvre Telemark.  Familievernet er ei spesialteneste som gjev samtaletilbod  til alle som opplever vanskar, konflikter eller kriser i familien. Vi har eit  særskildt relasjonelt og førebyggjande  fokus.  Familievernet samtalar med par, familiar, enkeltpersonar grupper og  barn/unge  med deira familiar. Samtaletilbodet er gratis og det er ikkje naudsynt med henvisning.  Avi arbeider også med mekling ved samlivsbrudd og foreldretvistar.

Gunnar Ofte – Dagleg leiar frå Familievernkontoret Øvre Telemark.

Se program i PDF format (klikk her).

Om iHop

Fire gonger i året skal vi arrangere eit GRATIS samlingspunkt i Seljord.
Her vil du få økt kunnskap om aktuelle tema innen økonomi, bærekraft, innovasjon, næringsutvikling og samfunnstrender.

iHOP blir arrangert av Næringsbanken & DIN kompanjong.
Dette arrangementet sponses av Sparebanken DIN.

Har du spørsmål om arrangementet? send e-post til Arnt Helge Hauglid